Få oppdateringer om denne eiendommen
Fyll ut skjemaet nedenfor for å bli oppdatert.


Åpnet for visning! Nye leilegheiter medlivsløpsstandard, kort veg til legesenter, terapibasseng og sentrum|Vassbåren varme, heis, garasje & felles takterrasse.
Boligtype
Eierform
Trykk på knappen nedenfor for å gå til vår budportal.
Få informasjon og oppdatering om denne eiendommen.
Langebruvegen 23-25, 6800 FØRDE
knr. 4647, gnr. 21, bnr. 263, org.nr. 933554643
Enebolig
Eierseksjon
Tomtetype: Eiet tomt
Viser til situasjonsplan som syner utforming av terreng og beplanting. Utomhusplanen er meint å vere illustrativ og det vil derfor måtte forventast at det blir gjort justeringar og tilpassingar. Uteområdet vil bli opparbeidd med areal for leik, samband, vegetasjon og sykkelparkering. Det vil også bli levert apparat for leik, samt noko møblering og beplantning i samråd med landskapsarkitekt og i samsvar med reguleringsplan. Takterrasse vert levert med golv av terrassebord. Det vil kunne bli plassert ein trafostasjon på sameigearealet- eksakt plassering vil bli avklart i samråd med energileverandør i den vidare detaljprosjekteringa. Uteområdet vil bli ferdigstilt saman med ferdigstilling av 2. byggjetrinn, blokk B. Eigd tomt på ca. 2600-2800 kvm, felles for sameiget. I samband med ferdigstilling av prosjektet kan det bli føreteke nokre mindre grensejusteringar slik at endeleg tomteareal er noko uvisst fram til dess. Det blir levert felles renovasjonsanlegg med andre bebuarar i området. Nedgravne containerar i Langebruvegen, sør for blokk A. System og sorteringsgrad vil bli avklart i samråd med renovasjonsselskap (SUM) på eit seinare stadium. Tilkomst via gangveg i Langebruvegen.
Energiklassen vert C eller betre. Energimerking av bustaden vil bli en del av sluttdokumentasjon for bustadane. Informasjon om energimerking finn du på www.energimerking.no
Felleskostnader beskrivelse: Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget (ikkje innbu), drift av fellesareal, rekneskapsføring/ forretningsførsel, drift av heis, snømoking/ brøyting, vaktmeister, vegrett/ drift av veg naboeigedom m.m. Næringsseksjonen/ offentleg parkering vil ikkje delta i kostnader knytt til snømoking, drift av fellesareal, drift av heis, vaktmeister mv., utan at dette har direkte relevans for drift av seksjonen og er avtalt direkte med Sunnfjord Kommune (seksjonseigar). Oppvarming via vassboren varme og evt. kostnader knytt til fiber/breiband/TV er ikkje del av felleskostnadane, men vil bli fakturert gjennom sameiget Erfaringsmessig vil fellesutgiftene utgjere om lag 30-35 kr. pr. kvm. BRA. pr. mnd, avhengig av kor mange ytingar sameiget rekvirerer. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Sameiget er pliktig i å delta i drift og vedlikehald av privat veg over naboeigedom (tilkomstsveg til parkeringskjellar). For denne retten betalar sameiget kr. 20.000,- årleg+ indeksregulering. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameiget sitt konstituerande sameigemøte. Sameiget er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameiget pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene. For å sikre god likviditet i sameiget skal kjøparar betale inn kr. 5.000,- i likviditetsinnskot til sameiget ved stifting av dette.
Info kommunale avgifter: Kommunale avgifter inngår ikkje som del av fellesutgifter og vert fakturert kvar enkelt seksjon 4 gongar i året. Årlege gebyr ifølge Sunnfjord kommune per 2022: Vatn pr år kr: 1 610,- Avløp pr år: 1 963,- Målt forbruk vann og avløp (kr/m3): Vatn 12,41 Avløp: 20,58 Renovasjon pr. år: 3 792,- (ved bruk av behaldar på 140 liter)
Info eiendomskatt: Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt fram til 01.01 året etter overtaking. Eigedomsskatten blir deretter på 6,0 promille (gjeldande ihht. sats 2022).
Formuesverdi primær: 0 kr
Formuesverdi sekundær: 0 kr
Info formuesverdi: Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gongs kjøpesum.
Langebruvegen ligg sentralt til i Førde sentrum rett «utanfor» hovudkjerna med gå- og sykkelavstand til absolutt alt du treng i kvardagen. Området er under spennande utvikling og vil med tida bli oppgradert, som vil gje ein felles tilhøyrighet til området rundt. Her kan du leve det urbane liv med kafé- og restaurantbesøk, handle i fleire kjøpesenter eller gå ein roleg tur langs Løken. Like ved leilegheitene har du spaavdeling og basseng på Sunnfjord Hotell om du vil unne deg noko ekstra.
Vassboren golvvarme i stove, kjøkken, entre og soverom. På bad blir det elektriske varmekablar som regulerer temperaturen raskare. Det vert montert fordelarskåp for golvvarme i kvar leilegheit. Romtemperaturen vert regulert med termostatar. Varmen blir levert via fjernvarmeanlegg (Førdefjorden Energi). Det vert montert energimålar i kvar leilegheit for avlesing av energiforbruk for oppvarming. Det vert også målarar der ein kan lese av forbruket av varmt tappevatn (forbruksvatn). Målarane kan fjernavlesast av sameige.
Info energiklasse: Energiklassen vert C eller betre. Energimerking av bustaden vil bli en del av sluttdokumentasjon for bustadane. Informasjon om energimerking finn du på www.energimerking.no
Offentleg vatn- og kloakksystem.
Eigedommen er regulert til bustadføremål og offentleg parkering i plan av Langebruvegen 23 og 25 med planID 14322019003. Ein gjer merksam på at tiltak 12 i Førdepakken er i gangsett og arbeida vil etter planen vere avslutta innan ferdigstilling av Blokk-B. Tiltaket vil knyte Øyrane og Langebruvegen med bru over Løken. Ein gjer også merksam på at Sunnfjord Hotell er under fornying og påbygging i fløy mot nord. Påbygginga er prosjektert med ein ytterlegare etasje. Reguleringsplan for Sunnfjord Hotell med ID 4647_20200028 er vedteken 25.03.2021. Ta kontakt med meklar for kopi av reguleringsplan og plankart.
Ifølge vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast til styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Utbyggar har rett til tilknyting frå eigne og andre sine eigedommar til dei private veg- og leidningsanlegg som er opparbeida av utbyggar. Eventuell refusjon for tilknyting til slike anlegg tilfell utbyggjar. Tomteselskap, kommune, elektrisitetsverk m.m., har tilgang til utan vederlag å leggje leidningar for vatn, overvatn, avlaup, kablar m.m. på sameiget sin eigedom, og til å plassere naudsynte hydrantar og sluk på tomta etter dei til ei kvar tid gjeldande planar. Dei leidningar m.m. som ligg i tomta kan når som helst og utan vederlag gravast opp for reparasjon og vedlikehald. Det vil vidare verte tinglyst avtale på naboeigedommar som sikrar rett til køyreveg over Sunnfjord Hotell sine eigedommar for tilkomst til sameiget sin parkeringskjellar. Denne avtalen vil forplikte sameiget til å betale kr. 20 000,- pr. år + indeksreg. for retten, samt for drift og vedlikehald av vegen.
Langebruvegen Sameige
933554643
AF36434B-6E64-4C48-884D-BB4A8FF5E6DD
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det vil totalt bli ca. 57 bustadseksjonar i sameiget, samt eventuelt offentleg parkering som vert seksjonert som næringsseksjon. Sunnfjord kommune vil eige og drifte næringsseksjonen/ off. parkering. Det vil bli vedtektsfesta at næringsseksjonen kun skal delta i kostnader knytt til drift og vedlikehald som vedkjem denne seksjonen. Det kan imidlertid skje ei omprosjektering undervegs i byggeprosessen som kan medføre endring i tal bueiningar i sameiget. Om det som følje av dette vert naudsynt å føreta ei reseksjonering av sameiget, er kjøpar pliktig å godta dette. Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sunnfjord kommune. Eigedommen består av følgjande gards- og bruksnummer; 21/263, 21/1003, 21/1004, 21/1005, 21/1006 og 21/1007. Eigedomane vil bli samanføya til eit gards- og bruksnummer. Matrikkel for eigedommen vert klar når dette er gjennomført. Bustadane vil få tildelt seksjonsnummer ved seksjonering.
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiget og drifta av dette.
Oppdragsnummer: 12500822
Meglerforetak: W Eiendomsmegling


Legg igjen kontaktinformasjonen din i skjemaet nedenfor, så tar vi kontakt med deg.
Fyll ut skjemaet nedenfor for å bli oppdatert.
Fyll ut skjemaet nedenfor, så tar vi kontakt med deg angående denne eiendommen.
Fylll ut skjemaet nedenfor, så tar
Ole Jonny
kontakt med deg angående denne boligen.